• erlingthu

Pionerarbeid med teikn og under

Oppdatert: nov. 12



Eg har møtt mange kristne misjonærar og pionerar i ulike former og fasongar opp gjennom åra. No vil eg fortelja om eit vanleg ektepar, Brenda og Zephry D'Souza, som har fått utretta heilt uvanleg ting.


Eg møtte dei første gong i England i 1990. Det var Keri Jones som introduserte dei for Solveig og meg. Frå første stund opplevde vi ei hjarteknyting som berre har vorte sterkare og sterkare med åra.


Zephry og Brenda vaks opp i katolske familiar i Mumbai i India. Dei fekk eit personleg møte med Jesus gjennom den karismatiske fornyinga og var med i ei katolsk karismatisk bønnegruppe. Då talte Gud til dei om å flytta til Jaipur, Rajasthan, for å forkynna evangeliet og gjera folk til læresveinar. Dei var lydige mot kallet og flytta til Jaipur. Der møtte dei Bryn og Keri Jones som inviterte dei til eit treningskurs i England.


På dette kurset vart dei døypte i vatn og bad om apostolisk tilsyn. Keri Jones sa at det kunne han ta, men han ville senda Solveig og meg for å undervisa og følgja dei opp. På det første besøket i 1991 hadde dei ei handfull disiplar i stova si. I dag finst det ikkje stover som er store nok til å samla alle dei som har vorte kristne gjennom Zephry og Brenda sitt arbeid.


Deira fokus har alltid vore å forkynna evangeliet, gjera folk til læresveinar og utrusta dei til å gjera nye folk til læresveinar. Dei har ikkje bygd noka kyrkjebygg, men dei har bygd menneske opp og i saman. Dei elskar menneske og byggjer folk saman i sterke relasjonar.


Arbeidet deira har bore rik frukt. I Jaipur har dei vorte den største kristne forsamlinga sjølv om det er vanskeleg å sjå. Forsamlinga er eit nettverk av mange store og sterke husforsamlingar over heile byen. Her finst folk frå mange ulike grupper, kaster og religionar som lever i fred og harmoni med kvarandre. Det er eit mektig vitnesbyrd i det hindu dominerte samfunnet.


I dei seinare åra har dei ikkje kunna hatt store gudstenester for heile forsamlinga, men eg minnast desse gudtenestene med stor glede. Folk stod i kø for å vitna. Dei kunne fortelja om både store og små under.


Her er vi ved ein av løyndomane til den store veksten dei har opplevd. Folk blir lært opp til å dela evangeliet og be for sjuke.


Her er eit typisk vitnesbyrd:


Ein dag Pushpa (eit kallenamn) var på veg til den litle tebutikken sin gjekk ho forbi eit sjukehus. Då la ho merke til at det stod eit foreldrepar med ein ung gutt utanføre. Dei såg svært triste ut. Då gjekk Pushpa bort til dei og spurde kvifor dei var så triste.


Foreldra fortalde at sonen deira nett hadde vorte kasta ut av sjukehuset fordi doktorane ikkje kunne gjera noko for han. Sonen deira hadde prøvd å hoppa ut frå taket og ta sitt eige liv. Doktorane gav opp og ville ikkje ha han på sjukehuset lenger. No var foreldra heilt fortvila og visste ikkje kva dei skulle gjera.


Puspha tok då resten av pengane sine og gav dei og sa: Bruk desse pengane og ta ein richsaw til venninna mi, Sushila, ho kan be for sonen dokkar slik at han blir heilt frisk. Foreldra tok imot pengane og tok sonen med seg til Sushila så ho skulle be for han.


Sushila oppdaga snart at her var det sterke vonde ånder som var verksame i denne guten og at ho trong hjelp. Ho sende bod etter Anil.


Han kom og saman dreiv dei ut dei vonde åndene og sette guten fri frå alt som plaga han.


Han vart heilt frisk.


Så delte dei evangeliet med denne familien, som viste seg å vera muslimar, og alle tok imot Jesus Kristus som frelsar og Herre.


Då foreldra kom heim til sitt muslimske nabolag med ein son som var heilt frisk skapte det stor røre i nabolaget for alle kjende til at sonen var sjuk og plaga av vonde ånder.


Dei nyfrelste foreldra fortalde korleis Jesus hadde gjort sonen deira frisk.


Dette spreidde seg som eld i tørt gras og førte til at mange andre tok kontakt med Sushila og Anil for å få forbønn. Dette førte til fleire teikn og under and mange nye familiar kom til tru på Jesus.


Teikn og under har vore svært viktig i det pionerarbeidet som Zephry og Brenda har stått i. Deira trygge tru har smitta til andre. Det har vorte naturleg å dela evangeliet og å be for sjuke. Forresten, dei ber ikkje berre for sjuke, men for økonomi og alle slag behov folk har.


Det skal eg fortelja meir om ein annan gong.

78 visninger