top of page
  • Forfatterens bildeerlingthu

Helsing frå Henry i Nepal

Oppdatert: 4. jan. 2021



Kjære venner og medarbeidarar i Noreg! Eg helsar dokker med fred og glede i denne juletida. Tusen hjarteleg takk for forbønn og hjelp i året som ebbar ut. På grunn av dokker bønner og støtte har mange menneske fått oppleva Guds kjærleik. Folk som vart råka av flaum har fått hjelp. Barn har fått skulegang og sjuke har fått medisinsk hjelp. Evangeliet har vorte forkynt og folk har kome til tru og vorte døypte.

Eg har nett vore på ei reise til fots til fleire av dei avsidesliggjande landsbyane i Mackwanpur distriktet. I alle landsbyane vart eg ønskja varmt velkomen. Vi hadde ei velsigna tid saman med våre venner og eit sterkt fellesskap i Anden. Våre søsken er ved godt mot og arbeider trufast med å formidla evangeliet om Guds rike. Alle familiane har det bra, ingen sjukdom, ingen Covid19.

Pastor Prem og forsamlinga i hans landsby har det bra. Guds nærvær og velsigning var med oss i samlingane. Vi fekk også lagt nokre gode planar for framtida. Dei ber om bøker til både barn og vaksne. Dei ønskjer seg hjelp til å starta eit lite bibliotek slik at heile landsbyen får tilgang til god kristen litteratur.



To av pastor Tak sine søner har gifta seg og begge har fått kvar sin son. Tak liker å vera bestefar. Dei takka for hjelpa til å leggja betonggolv i forsamlingslokalet. Tidlegare har vi hjelpt dei med bølgjeblikkplater til taket. Arbeidet I landsbyen og distriktet går bra. Det er eit ganske stort team som arbeider i lag med Tak for å forkynna evangeliet til folk i dei omliggjande forsamlingane.

Eg gjekk også til landsbyen til Dobble Brother. Då besøkte eg også enkja etter pastor Manbadhur. Ho takka for den hjelpa ho hadde fått og er no ved godt mot. Så gjekk eg vidare til pastor Purna og hans landsby. Han vart svært glad då eg kom på besøk. Han var veldig takksam for den hjelpa dokker sendte han då han fekk slag og måtte opererast på sjukehuset. No har han lært seg å snakka bra igjen, men venstre arm og fot er framleis delvis lamma, men han greier å gå ved hjelp av ein stokk. Dei har framleis problem med styresmaktene når det gjeld staden dei bur på i nasjonalparken. Denne chepangstammen har vorte ein kasteball mellom ulike departement og ber om forbønn slik at dei får ein permant plass å bu for heile landsbyen som er truga. To av barna hans er framleis hjå oss i Kathmandu der vi hjelper dei til utdanning. Purna sender dokker sin kjærleik og stor takk for hjelp og forbønn.



I oktober hadde vi ein barneleir for 10 store barn i bibelskulehuset vårt I Kathmandu. Vi underviste barna om Guds karakter, pengar, tilbeding og korleis dei skulle lesa Bibelen. Dei fekk også trening i ulike handarbeid, som striking og korleis dei kunne baka småkaker. Vi trente dei også i å lesa bøker som kunne vera til hjelp for dei. Dei var veldig begeistra for treninga. Dei sette stor pris på å kunna lesa bøker. Dei likte også godt undervisninga om pengar og å betala tiend. Dei lovsong og tilbad med stor glede. Det vart også tid til litt leiker og det skapte stor begeistring. Dei takkar for hjelpa til å halda denne leiren og for forbønn.





Vinteren blir no kaldare og kaldare. Vi ønskjer å kunna velsigna dei fattige vennene våre i landsbyane med å feira jul og gje dei nyttige gåver. Dei treng ullteppe og varme klede. Vi er veldig takksame om dokker kunne hjelpa oss med dette.


Hjartelege helsingar

Dokker paktsbror

Henry Pradhan


Om du vi støtta misjonsarbeidet til Kristent Nettverk i Nepal kan du senda di gåve til:


Nepal Misjonsprosjekt: 3632 56 88569


61 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page