top of page
  • Forfatterens bildeerlingthu

Teikn og under fører til nye forsamlingar

Oppdatert: 7. des. 2020



For nokre år sidan møtte eg to unge menn, Dinesh og Prakash, som gjorde sterkt inntrykk på meg. Begge såg ut til å vera tenåringar, men kanskje var dei i tjueåra. Eg møtte dei begge nesten eit år tidlegare då dei var elevar ved ein bibelskule. Dei hadde ein ro og fred med seg som eg ikkje gløymer, det var som ein himmelsk fred kvilte over dei når dei fortalde kva Gud hadde gjort for dei.

Etter at Dinesh var komen heim frå Bibelskulen var han svært ivrig i å forkynna evangeliet og be for sjuke. Gud stadfesta Ordet med teikn og under. Han såg mange menneske koma til tru og fekk nåde til å starta ei ny forsamling i ein landsby der det ikkje var kristne frå før. Ein dag kom ein hindu prest og kona hans til han med eit dødt barn, ein sju år gammal gut. Denne guten døydde tidleg på morgonen og seint på ettermiddagen kom foreldra til Dinesh med den døde guten sin. Hindupresten hadde høyrd rykte om Dinesh, at denne ungdommen var ein Guds mann og at Guds kraft var verksam gjennom han. Difor kom han til Dinesh for å få forbønn. Dette var hans siste håp om å få guten sin tilbake til livet.

Unge Dinesh bad for den døde guten, men ingenting skjedde. Då henta han ein av dei nyfrelste læresveinane sine og begge bad inderleg for den døde guten. I løpet av denne andre bønnestunda merka dei at guten begynte å lea litt på seg. Dette gav dei nytt mot og dei heldt fram med å be inderleg for han, medan dei kunne sjå at livet vendte tilbake til guten som rørte meir og meir på seg og til slutt slo han opp auga og var sprell levande og spurde om å få mjølk å drikka. Det skulle ikkje overraska nokon at hindupresten og heile familien hans tok imot Jesus Kristus som Frelsar og Herre og vart døypt same dagen.

Då Dinesh roleg fortalde denne historia for meg, høyrdest det ut som om han fortalde noko veldig naturleg, noko vanleg, noko heilt normalt han hadde opplevd. Det var ingen fakter eller forsøk på gjera dette spektakulært. Han var berre ein ung Guds mann som hadde opplevd noko heilt naturleg, at det skjedde under når han bad.



Unge Prakash kunne fortelja at han i løpet av dei ni månadene etter han fullførte bibelskulen hadde fått nåde til å starta ni nye forsamlingar i ulike landsbyar i området der han kom frå. Det var mest som eg ikkje kunne tru det han fortalde. Ni nye forsamlingar på ni månader! Ein svært ung mann, liten av vekst, han nådde meg ikkje til min skulder ein gong. Difor spurde eg korleis han kunne få det til.

Prakas berre smilte og sa: «Eg måtte gje opp alt eg hadde, gardsbruket eg hadde arva frå far og alt anna eg hadde ansvar for, for å kunna konsentrera meg om å tena berre Herren.» Dei ni nye forsamlingane var berre ei naturleg frukt av hans heilhjarta overgjeving til Herren. Eg ville ha nokre fleire detaljar, så eg spurde igjen om kva han eigentleg gjorde. På ny var han berre eit stort smil, det var som om Guds herlegdom og glede strålte gjennom han. «Vel, sa han, vi har nokre helbredelser og mirakel. Så trur folk og tek imot Jesus Kristus som Frelsar og Herre, og så døyper vi dei og startar ei ny forsamling i heimen deira. Etter ni månader hadde fleire hundre hinduar vorte frelste ved denne enkle framgangsmåten.

Eg gløymer det aldri. Prakash var berre eit stort smil. Det han var var så enkelt, vi har berre nokre under og så blir ei forsamling født! Den ekte gleda og den enkle trua velsigna meg og gjorde stort inntrykk. Vi i vesten har så mykje å læra frå desse store unge trusheltane. Det er slike unge menn som gjev håp for framtida til den kristne kyrkja i India og andre stader.

Ein dag Prakash sykla på veg eit ein landsby for å forkynna evangeliet, vart han stansa av eit ungt ektepar med ein baby som var fullstendig lamma. Auga var attlatne og heile kroppen verka livlaus. Det verka mest som om han ikkje pusta ein gong. Ekteparet spurde om han kunne forklara vegen til ein gudsmann som heitte Prakash og smilande kunne Prakash fortelja at det var han dei leita etter. Han tok dei med seg heim til huset sitt. Der gav han dei litt mat og så bad han og kona hans for den paralyserte babyen. Då kom Guds kraft over babyen og han vart lækt og heilt frisk med ein gong. Babyen vart full av liv, styrke og helse og spratla med full kraft både armar og føter.

Då babyen hadde vorte frisk forkynte Prakash og kona hans evangeliet om Guds rike for det unge ekteparet som no var ivrige til å ta imot Jesus Kristus som Herre og Frelsar og bli døypte. Det skulle ikkje forundra nokon at dette var starten på ei ny forsamling i ein ny landsby.


Om du vi støtta misjonsarbeidet til Kristent Nettverk i India og Nepal kan du senda di gåve til:


India Misjonsprosjekt: 3632 50 97587

Nepal Misjonsprosjekt: 3632 56 88569

73 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page