top of page
  • Forfatterens bildeerlingthu

Pandemien herjar i India og Nepal

Det er krise i India som går gjennom den tredje bølge med smitte av covid19 viruset. Dei har no over 300.000 nye smitta kvar dag. No får eg fleire hjarteskjerande meldingar frå vennene våre som treng hjelp i denne vanskelege situasjonen. Viruset gjer ikkje forskjell på folk og me får melding om fleire pastorar og vanlege kristne som er døde av viruset. Ein av våre medarbeidarar i Odisha, Anjan Pradhan, døde og enkja og barna treng hjelp. Frå eit anna distrikt får vi meldingar om at 6 pastorar er døde. Pastorane er ute blant folk med hjelp på ulike måtar og er svært utsette for smitte. No er det krise, for sjukehusa har ikkje fleire ledige senger og i tillegg manglar dei oksygen. Offisielt er dødstala over 3000 om dagen, men det er store mørketal for dei fattige kjem aldri fram til sjukehusa og blir ikkje rapporterte.

Peter Masih melder i tillegg om store problem på grunn av nedstenginga. Folk har mista inntekta si. Folk svelt og har det veldig vanskeleg. Han ber om hjep til mat og medisin. Dei har sett i gang å dela ut mat og medisin til dei fattige, men treng hjelp til å halda fram med dette.

Vår venn, Pastor Bahadur, er innlagt på intensivavdeling og er alvorleg sjuk. Heile familien hans er også smitta, kone, tre vaksne barn og eit barnebarn.

I Nepal er også smitten ute av kontroll. I tillegg til hjelp i samband med coronapandemien ber Henry om hjelp til vidaregåandeutdanning av fleire kristne ungdomar frå fattige familiar. Det kostar 10.-15.000.- kr i året for å ta sjukepleiarutdanning eller studera ved universitet. Vi hjelper også mange studentar med både mobiltelefonar og laptopar slik at dei kan ta del i undervisning på nettet. Asmitha er dotter til vår gode medarbeidar pastor Bhim som mista huset og alt han eigde i det store jordskjelvet. Familien har greid å hjelpa sonen, Abishek, til å studera, men treng hjelp til Asmitha. Kven vil ta ansvar for henne? Ho vil bli sjukepleiar. No betalar vi for eit år, men treng sponsorar til henne.

Henry skriv i ei melding at situasjonen er svært vanskeleg, men at dei gjer det dei kan for å hjelpa. Pandemien og nedstenginga har gjort det vanskeleg å reisa, men han har likevel fått besøkt mange landsbyar. Dei har ikkje berre viruset å kjempa mot, men også naturkatastrofer som jordras der liv går tapt og familiar mistar alt dei har. Mange har fått hjelp til å byggja opp heimane sine på nytt og endå fleire har fått klede og mat.

På grunn av innsamla pengar på misjonskontoane våre kan vi i desse dagane senda over 100.000,- kroner til vennene våre i India og Nepal til hjelp til noko av det vi har nemnd ovanføre. Vi vil setja pris på om dokker vil senda oss fleire gåver så vi kan møta dei nye behova som stadig oppstår. Vi treng også folk som kan ta ansvar for nokre kristne studentar og betala for den framtidige utdanninga deira.

Brenda og Zephry ber om forbønn for dottera, Jessica, som er smitta av covid19. Det verkar som om Brenda også er dårleg. Dei isolerer seg i kvart sitt rom i heimen for tida og set pris på forbønn!

Midt opp i denne vanskelege stoda gjer medarbeidarane våre ein heltemessig innsats. Dei forkynner evangeliet, ber for sjuke og opplever mange under, men må også stå andlet til andlet med døden.


Send dokker støtte til:

Kristent Nettverk

Nepal Misjonsprosjekt: 3632 56 88569

India Misjonsprosjekt: 3632 50 97587

48 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page