• erlingthu

Bapubhai treng hjelp



I den seinare tida har det kome inn mange alarmerande meldingar om forfølging av kristne i India. Forfølginga har halde på i lang tid, men ser ut til å bli verre og verre. Fleire delstatar innfører såkalla antiomvendingslover for å gjera det vanskeleg å evangelisera og å skifta religion. Den noverande statsministeren Modi og hans BJP parti har ei lang historie av å motarbeida både muslimar og kristne. Under hans styre har det vorte vanskelegare for minoritetane i dette hindudominerte landet.

For nokre dagar sidan fekk eg denne meldinga frå ein av medarbeidarane våre:


Kjære venner, ein av våre kristne søsken, Bapubhai, har vorte utsett for eit stygt åtak. Han er ein av dei få som er kristne i landsbyen hans. Då han gjennom vår forkynning kom til tru på Jesus Kristus og vart døypt vekka det stor motstand i landsbyen. Han vart ein læresvein av Jesus og tok til å leva eit nytt liv. Dette likte mange hinduar svært lite og vart sinte på han.

Bapubhai er ein dagarbeidar og då han sykla til arbeid for nokre dagar sidan hadde nokre folk frå landsbyen slått seg saman for å straffa han fordi han hadde vorte ein kristen. Dei låg i bakhald då han sykla til jobben og gjekk til åtak på han bakanfrå med jernstenger. Dei slo han så han fall av sykkelen og heldt fram med å banka han opp og slå han med jernstengene. Han vart skamslått og fekk store både ytre og indre skadar før forfølgjarane gav seg og trekte seg unna. Han hadde store smerter i ryggen etter alle slaga og hadde store indre blødningar.

Han fekk hjelp til å koma seg til eit lite sjukehus. Doktoren opererte han med ein gong. Utan denne operasjonen ville han sannsynlegvis ikkje ha overlevd. No er han heldigvis utan for livsfare. Han kjem frå ein fattig familie i ein låg kaste. Familien kom til oss og bad oss inderleg om å hjelpa til med å betala for operasjonen, medisin og sjukehusopphald. Operasjonen åleine kostar 55.000 INR (ca 7500 kr). Vær så snill, stå med oss i bønn for bror vår, om om du kan hjelpa til med å betala sjukehusrekninga ville vi sett stor pris på det.

Kjærlege helsingar

Bahadur


Bapubhai treng vår hjelp straks. Om du vil vera med å hjelpa han kan du senda di gåve til Kristent Nettverks India prosjektkonto: 3632 50 97587. Merk gåva med Bapubhai/forfølgde kristne

99 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Valget 2021