top of page
  • Forfatterens bildeerlingthu

Vi lever i ei stor misjonstid

Oppdatert: 26. okt. 2020

Frå eg var ein liten gut har misjonærane vore heltane mine. Far og mor tok meg tidleg med på misjonsmøte på bedehuset. Der møtte vi misjonærar som fortalde om hardt arbeid, dramatiske hendingar og framgang for evangeliet.


Ein heilt ny og spennande verden opna seg opp for meg. Dei kledde seg ut i fargerike og underlege klede, synte lysbilete og dramatiserte forteljingane sine på ulikt vis. Då tok eg til å drøyma om å bli misjonær og reisa til framande land med godt nytt om frelse, tilgjeving og forsoning.


Eg vart aldri ein tradisjonell misjonær, men har vore engasjert i misjonsarbeid heile mitt vaksne liv. For 58 år sidan, då eg var 19 år, tok eg til å reisa og forkynna evangeliet og held framleis på med det.


I ti år arbeida eg saman med Aril Edvardsen i Sarons dal i Kvinesdal. Han var ein skikkeleg verdensevangelist med heile verda som sitt soknekall. Dei ti åra i teneste for Troens Bevis Verdens Evangelisering sette merke i meg for livet. Eg fekk vera med Aril Edvardsen på misjonsreise i mange land i Europa og eg fekk møta store evangelistar og misjonærar frå heile verda.


Eg vart sendt på misjonsoppdrag til India, Pakistan, Bangla Desh, Sri Lanka og Nepal. Draumen, om å forkynna evangeliet for menneske som ikkje hadde høyrt det før, har vorte oppfylt mange gonger. Framleis drøymer eg om å reisa til nye land og folk med godt nytt om Guds rike.


No har eg tenkt å begynna å blogga på denne sida om misjon. Eg vil både fortelja om det eg og Solveig har sett og høyrt på dei mange misjonsreisene våre, og eg vil prøva å rapportera om framgang og utfordringar i det store internasjonale misjonsarbeidet i vår tid.


Eg vil fortelja om folk vi har møtt, om teikn og under som vi og medarbeidarane våre har opplevd. Kanskje eg også kjem til å melda frå om nokre misjonsprosjekt som treng økonomisk støtte.


Vi lever kanskje i den største misjonstida i heile kyrkjesoga. Den kristne trua har stor framgang i heile verda. Eg les bøker som seier at i dag veks talet på levande kristne mest sju gongar fortare enn folketalet i verda! Kva einaste månad blir om lag fem millionar menneske kristne (Mega Shift, av James Rutz).


Samstundes blir om lag 14 000 kristne martyrar for trua si kvar einaste månad (Åpne Dører)! Vi lever i dramatiske tider! Vi lever i ei misjonstid utan sidestykke i kyrkjesoga! Mange av våre kristne søsken opplever forfølging og stor motstand, men dei er viljuge å betala ein høg pris for å utbreia trua på Jesus.


Eg har aldri likt å høyra at vi i vesten lever i ei etterkristen tid. Vi lever absolutt i ei tid kor den ”kristne statsreligionen” har mista sitt kristne innhald og si makt over folket. I denne etterstatsreligionen si tid er folk opnare enn nokon gong for levande kristen tru og liv. Eg ventar ei ny misjonstid utan sidestykke også i vårt eige land i dagane som kjem!

Om du vi støtta misjonsarbeidet til Kristent Nettverk i India og Nepal kan du senda di gåve til:


India Misjonsprosjekt: 3632 50 97587

Nepal Misjonsprosjekt: 3632 56 88569

115 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page