top of page
  • Forfatterens bildeerlingthu

Om din Jesus kan gjera mora mi frisk, skal eg bli ein kristen!

Oppdatert: 7. des. 2020


Det var Anil (på bilete med kona si, Muskan) som sa akkurat dette til Ram Singh for nokre år sidan.


Ram Singh og kona Puspha var dei første læresveinane som Zephry og Brenda vann for Gud og trente til å vinna andre. Begge desse to nye kristne vart ivrige menneskefiskarar som vitna om Jesus til all slags folk. Ram Singh hadde vitna for Anil for ei tid tilbake og fortalt han om dei under Jesus hadde gjort og kunne gjera.


Mora til Anil var diabetikar og hadde fått kolbrann i begge føtene. Ho vart innlagd på sjukehus og doktorane sa at det einaste dei kunne gjera var å amputera begge beina ved knea. Kolbrannen kunne korkje stansast eller lækjast.


Anil var fortvila. Han orka ikkje tanken på at mora måtte amputera føtene sine. Då kom han på det Ram Singh hadde sagt om Jesus, at han kunne både lækja og frelsa. Han leita difor opp Ram Singh og sa: «Om din Jesus kan gjera mora mi frisk, skal eg bli ein kristen!»


Ram Singh tok sjølvsagt utfordringa og vart seint på kvelden med Anil til sjukehuset for å be for mora. Neste morgon skulle legane amputera beina hennar. Ram Singh salva henne med olje i Jesu Kristi namn, la hendene på henne og bad om lækjedom. Så gjekk han stille og roleg heim utan å sjå synleg endring i kolbrannen.


Neste morgon vakna mora til Anil med to friske føter. Kolbrannen var borte. Doktorane var svært forundra, men mora vart skrive ut og reiste frisk heim. På ny tok Anil kontakt med Ram Singh. Han kom heim til Anil og forkynte evangeliet. Anil og heile familien hans tok imot Jesus Kristus og vart døypte og lagde til det kristne fellesskapet. Zephry og Ram Singh begynte med ein gong å trena Anil til å bli ein menneskefiskar.


Anil tok til å samla folk til bønn i heimen. Mange kom til tru og mange under og teikn skjedde sjølv om Anil hadde sine utfordringar. Kona hadde reist frå han på grunn av alkoholmisbruk. Økonomiske utfordringar stod også i kø. Knut Osland fekk eit kunnskapsord til Anil første gong dei møttest. Dette kunnskapsordet førte til at Anil tok kontakt med kona si, ho kom tilbake til han og vart etter kvart ein kristen.


Bønnesamlingane i heimen samla meir og meir folk. Heile nabolaget snakka om det som skjedde og leiarane i det hinduistiske Singhsamfunnet kom heim til Anil og bad han om å slutta med bønnemøta sine. På grunn av treninga og alt det gode som Gud gjorde for dei, hadde Anil vorte veldig frimodig og trygg i trua på Jesus Kristus. Då dei religiøse leiarane kom for å stoppa bønnemøta og få Anil til å slutta å gjera folk til læresveinar, gav han dei dette svaret:


«Kvifor kjem dokker no? Kvifor kom dokker ikkje når mora mi var sjuk og skulle amputera beina? Kvifor kjem dokker no når Jesus har gjort eit under så mora mi er frisk? Kvifor kom dokker ikkje når eg hadde problem med alkohol og kona gjekk frå meg? Kvifor kjem dokker no når Jesus har sett meg fri frå alkoholmisbruk og gjeve meg kona tilbake og gjenreist ekteskapet vårt? Kor var dokker då eg hadde store problem og sleit økonomisk? Kvifor kom dokker ikkje då? Kvifor kjem dokker no når Jesus har løyst problema mine og eg har fått skikk på økonomien og gjev tiende av alt eg tener?»


Dei religiøse leiarane måtte skamfulle gå tilbake til sitt og Anil heldt fram med å vitna om Jesus og samla folk til bønn i heimen. Zephry såg at Guds hand kvilte på Anil og tok til å bruka meir tid med han. Han gav han undervisning i Guds ord og trente han opp til å trena andre.


Anil vaks i trua og var eit ivrig og brennande vitne om Jesus. Alt det han lærte frå Zephry og Ram Singh gav han vidare til andre. Når Solveig og eg hadde leiarseminar tok han mange notatar og all vår undervisning gav han vidare til dei nyfrelste vennene sine. Han vart ein som trente andre til å trena andre.


I dag er det mange generasjonar av åndelege fedrar og barn etter Anil som vart ein åndeleg far slik Zephry hadde vore for han. Eg har ikkje nøyaktige tal, men eg trur han har fostra fram hundrevis av læresveinar. Han har hjelpt folk å starta omlag seksti store husforsamlingar. Han har vorte ein trenar for trenarar og ser stadig nye menneske kom til tru.


Den litle flokken som samlast i heimen til Zephry i vårt første besøk tidleg på nittitalet har vorte til det største kristne fellesskapet i byen. Pionerarbeidet til Zephry har lukkast fordi han brukte mykje tid på å undervisa og disipla folk, og ikkje minst å trena folk til å trena andre.


Eit misjonsarbeid som har dette fokus vil før eller seinare veksa og oppleva stor framgang. I den første tida gjekk det seint. Dei var ein liten flokk ganske lenge, men vaks sakte men sikkert. Det tek tid å undervisa og gjera folk rotfesta i Guds ord.


Det gode var at Zephry ikkje venta med å trena dei til å vitna og be for sjuke til dei var skikkeleg teologisk utlærde. Han frigjorde dei til teneste med ein gong og følgde dei opp med praktisk og grundig bibelundervisning. Denne framgangsmåten slår aldri feil!

53 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page