top of page
  • Forfatterens bildeerlingthu

Evangeliet lyftar folk ut av fattigdom

Oppdatert: 7. des. 2020


Våre venner i India og Nepal ser at Gud lyftar folk ut av vanskar og problem. Difor forkynner dei evangeliet med stort frimod. Dei har opplevd at evangeliet set menneske frí frå synd og frå konsekvensane av eit undertrykkjande kastesystem.


Skomakar bli ved din lest, er eit norsk uttrykk for å halda folk nede og hindra dei i å bryta av dei snevre rammene dei var fødde inn i.


Det indiske kastesystemet råkar mykje hardare enn det norske ordtaket nokon gong har gjort. Kastesystemet held folk nede i fattigdom. Evangeliet er godt nytt for alle menneske og set folk fri til å leva i velsigning og framgang. Det lyftar folk ut av fattigdom.


Først og fremst lyftar evangeliet folk ut av den åndelege fattigdommen og gjerd ei rike i nåde og tru. Evangeliet gjev folk ein ny identitet og ei ny drivkraft i livet.


Folk blir rause og villige til å gje og dela med andre. Dei blir fylt med nestekjærleik og nyskapande tankar. Dei oppdagar gleda ved å gje og hjelpa andre. Evangeliet skaper store ringverknader i enkelt menneske, familiar og samfunn. Jesu lære; gje, så skal du få, verker også blant fattige folk i fattige land.


Anil, som eg har fortald om tidlegare, hadde store økonomiske problem då han vart ein kristen. Han var forretningsmann, men var tyngja ned av stor gjeld. Zephry lærte han å gje tiend.


Då han tok til å gje tiend av den daglege omsetjinga si, tok ting til å skje. Omsetjinga hans auka markant med ein gong. Så gav Gud han nokre idear som han sette ut i livet og opplevde velsigning og suksess. Folk som skulda han pengar betalte heilt uventa tilbake det dei skulde. Det var pengar Anil hadde avskrive som tap fordi han ikkje hadde håp om å få dei tilbake.


Strålande fortalde Anil om økonomiske velsigningar av å gje tiend då han forkynte evangeliet. Fleire av vennane hans som var forretningsfolk begynte også å gje tiend, nokre av dei til og med før dei hadde blitt frelst! Då dei begynte å gje, velsigna Gud dei og dei kom til tru på Jesus Kristus og vart døypte og lagde til det kristne fellesskapet. Eg har høyrt mange vitnesbyrd om folk som på underfullt vis har fått gjelda si sletta!


I gudstenestane står folk i kø for å vitna om små og store under av alle slag. Ein ung gut står strålande og fortel at Jesus har gjeve han ei ny skjorte. Eit ektepar fortel med breie smil korleis Jesus hjelpte dei å kunna kjøpa eit flott kjøleskap til låg pris. Eit anna ektepar fortalde om gjeld og ei vanskeleg økonomisk stode. Dei fortel ei lang og innvikla historie om ting som begynte å skje då dei fart frelste og begynte å gje tiend. Dei fått gjeld sletta og fått nye jobbar med god løn og hadde kjøpt seg bil på avdrag. Eg kunne ikkje anna enn å gleda meg saman med dei.


Ei mor fortel om guten hennar som bad om nokre kroner til å kjøpa ein drage, men ho måtte seia at ikkje hadde pengar og difor måtte han be Jesus hjelpa han. Sonen bad inderleg til Jesus om pengar til ein drage, før han sprang ut for å leika. Han hadde ikkje før kome ut på gata før han oppdaga ein hundrelapp i rennesteinen. Han tok opp hundrelappen, tørka han rein og gjekk og kjøpte den dragen han ønskte seg. Så gjekk han heim og gav mora 98 kr.


Eg gløymer aldri det strålande smilet til sonen då mora fortalde denne historia. Eg vart veldig imponert over denne guten. Tenk at han brukte berre to kroner på seg sjølv og gav nittiåtte til mora! Han brukte ingenting til snop eller liknande, men nytta pengane til å kjøpa den dragen han hadde bede om og velsigna mora med resten.


Andre foreldre fortel korleis Jesus har hjelpt dei økonomisk slik at barna deira kunne få eg ei god utdanning. Ei mor fortel om eit risunder. Ho mangla ris og hadde ikkje mat til barna sine. Då ho hadde bede og sagt amen, stod det ei kvinne frå fellesskapet utanføre døra med ein stor pose ris! Bønnesvaret kom mest før ho var ferdig med å be.


Eg har sett det med eigne auge at evangeliet skaper nytt liv i individ, familie og samfunn. Folk får tru og håp om endring. Tilgjeving og frelse gjev folk mot til å ta tak i si eiga stoda og jobba for endring. Når folk kjem til Jesus får dei tru for utdanning og utvikling, men først og fremst blir dei gjevarar.


Heile tankegangen blir forandra. Sakte men sikkert skjer det gode endringar i familien og i samfunnet. Misjonsarbeidet ber varige frukter. Etter vår standard er mange framleis fattige, men dei er lyfta opp or den håplause fattigdomen dei var i og opplever Guds velsigning i små og store ting. Dei kan framleis vera fattige på jordisk gods, men har vorte rike på tru og håp om endring. Dei ser at Gud gjer under og hjelper dei i kvardagen.


Om du vi støtta misjonsarbeidet til Kristent Nettverk i India og Nepal kan du senda di gåve til:


India Misjonsprosjekt: 3632 50 97587

Nepal Misjonsprosjekt: 3632 56 88569

61 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page