• erlingthu

Sjå etter løysingar!



Hausten 1971 sende Aril Edvardsen meg til Asia for å tilby kristne leiarar i Pakistan, India, Nepal og Sri Lanka å bruka brevkurset Evig Liv for å hjelpa folk til tru på Jesus. Aril hadde hatt store evangeliseringskampanjar i fleire av desse landa og behovet for oppfølging av nye kristne var stort.


Troens Bevis ville hjelpa dei å organisera brevskular på sine eigne språk og finansiera omsetjing og trykking av brevkurset og evangelistiske traktatar. I løpet av to månader fekk eg nåde til å setja i gang brevskular på 12 språk, men det gjekk ikkje av seg sjølv. Eg møtte mange vanskar, hindringar og utfordringar dei to månadene reisa mi varte.


Då lærte eg å leita etter løysingar.


Den første utfordringa møtte eg då eg landa i New Dehli. Dr George Sastry som skulle møta meg og vera guiden på denne to månader lange reisa, stod ikkje og venta på meg som avtalt. Flyet hans hadde vorte kansellert og han kunne no ikkje koma før etter eit par dagar. Då eg oppdaga det, følte eg meg heilt åleine i eit framand land.


Ved Guds hjelp fann eg ei løysing og fekk hjelp til å koma fram til ein svensk misjonsstasjon og bibelskule i Dehradun ved foten av Himalaya. Eg fekk plass på ein overfylt drosje og køyrde heile natta. Då eg banka på porten i fem tida på morgonen vart misjonærane forskrekka og meinte det var uansvarleg å reisa slik om natta saman med heilt ukjende indarar.


Eg visste ikkje at det kunne vera farleg og meinte det var ei god løysing.


Den neste utfordringa kom då eg stod på talarstolen og skulle forkynna Guds ord på ein stor konferanse som dei svenske misjonærane hadde arrangert. Då gjekk det opp for meg at eg ikkje var så god i engelsk som Aril hadde fått meg til å tru eg var. Eg hadde jo berre reaskulepensum i engelsk, men hadde lese ein del kristne engelske blad og bøker og lært ein del kristensjargong.


Den første talen varte ikkje lenger enn 15 minutt, medan folk venta at eg skulle halda på ein time. Eg følte meg som ein stor fiasko, men eg hadde to månader og mange konferansar og store møte framfor meg.


Eg måtte finna ei løysing!


For meg vart det å vera brennande og ropa høgt, og gjenta mine evangeliske påstander om Jesus som frelser, lækjer og døyper i Den Heilage Ande mange gonger! Med stor kraft og frimod ropte eg ut mine enkle setningar om Jesus, gong på gong!



I Trivandrum, hovudstaden i Kerala sør i India køyrde vi oss fast i ei stor folkemengde på veg til eit møte. Det var ein svær politisk demonstrasjon med mange tusen menneske som fylte gatene og gjorde det uråd å koma fram. Sjåføren og Dr George Sastry i framsetet såg ut til å vera vettskremde og visste ikkje anna råd enn å stansa og stå stille.


Demonstrantane veifta med stokkar og ropte og skreik. Folkemassen var ei fargerikt bølgjande kaos og vi stod fast.


Eg hadde fått eit ord til det møtet. Eg berre visste at i det møtet ville folk bli frelst, helbreda og døypt i den Heilage Ande. Vi var seint ute og eg ville ikkje gå glipp av dette høvet til å forkynna evangeliet til frelse, så eg måtte finna ei løysing. Eg bad inderleg i hjartet og ropte til Gud om hjelp inni meg.


Då fekk eg ein tanke og sveiva ned vinduet på bildøra.


Så stakk eg hovudet ut og ropte så høgt eg berre kunne: Vi er ambassadører! Vi er på veg til eit viktig møte! Slepp oss fram! Ein mann som høyrde dette tok då til å bana veg for oss.


Han gestikulerte og ropte til folk og rydda veg for oss.


Sjåføren og Dr Sastry var framleis lamma av redsle. Eg måtte bruka det grova målet for å få dei til å køyra etter denne mannen som bana ein veg for oss. Det tok mest ein halv time å koma gjennom den store massen av demonstrantar, men vi kom heilskinna gjennom.


Møtet hadde starta då vi kom fram, men eg fekk forkynna evangeliet om Jesus. Den kvelden var det meir enn 200 hinduar som gav til kjenne at dei ville ta imot Jesus som sin einaste Frelsar og Herre! Halleluja! Ære til Gud som hjelper oss å finna løysingar. Vi fekk også be og leggja hendene på mange sjuke som vart friske. Mange vart også døypt i Den Heilage Ande og talte i tunger.


I alt misjonsarbeid, ute eller heime, vil vi møta uventa vanskar.


Hindringane kan til tider stå i kø. Av og til er utfordringane så store at dei held på å overvelda oss. Det er lett å bli motlaus. Det er endå lettare å gje opp og ha gode grunnar til det.


Men vi må ikkje gløyma at Gud alltid har ei løysing.


Vi må ikkje sjå oss blinde på hindringane, men vi må sjå etter løysingane! Den som ber, han får og den som leitar etter løysingar vil finna dei!

87 visninger