• erlingthu

20 nye forsamlingar medan Covid-19 rasar

Oppdatert: jan. 20



Eg får mange meldingar frå medarbeidararne våre i India, Nepal og Sri Lanka om store utfordringar i misjonsarbeidet på grunn av pandemien. Det er dei som var fattige frå før som har det vanskelegast i denne tida.


Vi har med hjelp av gåver frå trufaste gjevarar fått vera med å hjelpa mange fattige familiar. Men behova er store og ressursane små. Ved Guds nåde har ingen av våre kristne venner i desse landa vorte smitta av det farlege viruset. Vi takkar for Guds vern.


Trass i alle utfordringane går Guds rike fram også i denne tida. Chandrakant kunne i fjor feira at det var 30 år sidan Gud kalla han til å starta det han kalla Great Commission Movement. Han og Nilam starta i det små og Gud har velsigna rikeleg. No er det omlag 4000 forsamlingar med i det apostoliske nettverket han leier. Nettverket arbeider i India, Nepal, Bhutan, Bangla Desh og Sri Lanka.


Her er ei lita oppsummering over det dei har opplevd i 2020:


Mest kvar einaste månad kjem over hundre menneske til tru og blir frelst. Chirag skriv at folk blir frelst kvar einaste dag og mange blir helbreda frå sjukdomar. Det er vanleg at dei som kjem til tru blir døypt og fylt av Den Heilage Ande. Det er som å leva i apostelgjerningane.



20 nye forsamlingar har blitt starta av nye kristne. Pionerånda er sterk.


Omlag 1000 leiarar har fått trening og vorte utrusta til teneste siste året.


Mange hundre nøkkelfolk har fått nettbasert trening.


Ein kristen bror, Steven Zalod, fekk diagnosen blodkreft for nokre månader sidan. Han vart lagt inn på City Hospital, Ahmedabad i ein svært kritisk tilstand. Kona hans tok kontakt med Chandrakant og bad om forbønn. Chandrakant og Nilam reiste begge to til sjukehuset for å be for han. Dei bad også forsamlingane i nettverket å vera med i forbønn for Steven. Gud rørte ved han og gav han eit mirakel. Han vart utskriven frå sjukehuset og vart heilt frisk frå blodkreften. No vitnar han om Guds under og ny livet i Guds nåde og velsigning.


Om du vi støtta misjonsarbeidet til Kristent Nettverk i India og Nepal kan du senda di gåve til:


India Misjonsprosjekt: 3632 50 97587

Nepal Misjonsprosjekt: 3632 56 88569

56 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle