top of page
  • Forfatterens bildeerlingthu

Bherulal fekk mora reist opp frå dei døde

Oppdatert: 29. okt. 2020


Då Solveig og eg var i India i oktober 2006, møtte vi ei gammal kvinne og ein bibelskulestudent med ei underleg historie. Eg vart fortald at denne kvinna hadde vore død i fleire dagar, men var vekt til live att. Bibelskulestudenten Bherulal (sjå bilete) var sonen hennar. Han fortalde meg denne historia:


Den 19. februar 2002 døydde mora hans. Ho vart liggjande heime i to dagar for dei trudde at ho var svima av. Etter to dagar tok familien henne til sjukehuset. Doktoren undersøkte henne grundig og slo fast at ho var død. Han skreiv dødsattest og dei tok den døde kroppen med seg heim for å førebu kremering.


Bherulal var den einaste sonen og var bortreist då mora døydde. Familien tilhøyrde Jain-religionen, som har sitt opphav i hinduismen. Dei kalla han heim for å tenna elden på bålet, slik skikken var.


Då han kom heim nekta han å tenna bålet og bad dei om å stoppa førebuingane til kremasjonen. Mora låg i ein isboks i vente på ei Jain-kremering. Nokre vennar av Bherulal hadde fortalt han om Jesus og dei undera han gjorde. Difor sette han seg føre å tilkalla pastoren i ei lita pinseforsamling i nærleiken. Han henta pastoren kl. 22.00 på kvelden.


Pastoren bad i to timar utan at noko hendte. Då vart Bherulal sint. Han banka opp pastoren og kasta han ut av huset og kalla han ein lygnar og bedragar!


Ei lita stund etter at pastoren hadde gått, la Bherulal merke til at mora tok til å røra på fingrane! Då sprang Bherulal med ein gong til pastoren og bad om tilgjeving. Han spurte om ikkje pastoren kunne koma tilbake og halda fram med å be.


Pastoren vart med tilbake. Han bad heile natta. Medan han bad livna mora til. Då morgonen kom stod ho opp. Ho var heilt frisk og fullt levande! Jesus Kristus hadde ført henne tilbake til livet!


Pastoren forkynte evangeliet og Bherulal og mora tok imot Jesus Kristus som deira Frelsar og Herre. Bherulal begynte nokre månader seinare på bibelskulen der vi møtte han.


Denne pastoren gjer inntrykk på meg! Etter å ha vorte banka opp vart han med tilbake for å halda fram med å be at den døde skulle verta levande! Han gav ikkje opp. Han var ikkje redd for motgangen. Han veik ikkje tilbake for å verta banka opp ein gong til. Han var villig til å ofra nattesøvnen sin for om mogeleg å føra ei kvinne attende til livet!


Eg har møtt mange slike kristne i India. Kristne som gjev alt for Frelsaren sin. Kristne som ofrar alt for å gjera Jesus kjend. Kristne som vert slått og spotta. Kristne som får armar og bein brotne avdi dei ikkje vil slutta å vitna om Jesus.


Det seier meg at Jesustrua har ei stor framtid i verdas største demokrati!


Om du vi støtta misjonsarbeidet til Kristent Nettverk i India og Nepal kan du senda di gåve til:


India Misjonsprosjekt: 3632 50 97587

Nepal Misjonsprosjekt: 3632 56 88569

147 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page